§ 63

Alle har plikt til å la seg føre opp på ei valliste, med mindre dei melder skriftleg frå at dei ikkje vil stå på lista. Reglar for når og korleis meldinga skal gjevast, blir fastsette i lov.

Alle som blir valde til representantar, har plikt til å ta imot valet.

Dei som blir valde til representantar for to eller fleire valdistrikt, skal gje melding om kva val dei vil ta imot. Reglar for når og korleis meldinga skal gjevast, blir fastsette i lov.

Endra med grunnlovsvedtak 24 apr 1869, 1 juli 1884, 25 mai 1905, 26 nov 1919 kunngjort 5 des 1919, 24 juni 1938 kunngjort 15 juli 1938, 26 nov 1952 kunngjort 12 des 1952, 30 mai 1984 kunngjort med res. 27 juli 1984 nr. 1479, 29 mai 1990 kunngjort med res. 13 juli 1990 nr. 550, 7 apr 1992 kunngjort med res. 8 mai 1992 nr. 317, 26 mai 2003 kunngjort med res. 27 juni 2003 nr. 772 (bokstav c oppheva), 2 feb 2006 kunngjort med res. 3 mars 2006 nr. 270, 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613, 7 jan 2020 kunngjort ved res. 31 jan 2020 nr. 93, 1 juni 2022 kunngjort med res. 22 juni 2022 nr. 1133.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/1814-05-17
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
9ff6b5a30c9cd1805689550a63412e760ba6723ef021f489fb8ae366ad93581f
Rendererversjon
8
Siste endring i kraft
2024-05-21