Etter kvart stortingsval nemner Stortinget opp eit riksvalstyre med fem medlemmer. Leiaren og to andre medlemmer skal vere dommarar. Det skal nemnast opp tre sams varamedlemmer for dei medlemmene som er dommarar, og to sams varamedlemmer for dei andre medlemmene.
Riksvalstyret sit i fire år frå 1. januar det andre årsskiftet etter stortingsvalet.
Desse kan ikkje nemnast opp til riksvalstyret:
Medlemmer og varamedlemmer av riksvalstyret som stiller til val til Stortinget, fylkestinget eller kommunestyret, går ut av riksvalstyret.
Stortinget kan løyse ein medlem eller varamedlem frå ombodet når ho eller han ber om det av personlege grunnar eller grovt har krenkt plikter som følgjer med ombodet.
I særlege høve kan Stortinget løyse ein eller fleire medlemmer eller varamedlemmer frå ombodet dersom det må til for at riksvalstyret skal kunne ta seg av oppgåvene sine.
Vedtak om å løyse ein medlem eller varamedlem frå ombodet blir gjort med to tredjedelar av røystene, men med vanleg fleirtal når vedkommande sjølv ber om å bli løyst frå ombodet.
Nærare føresegner om riksvalstyret blir fastsette i lov.
Oppheva med grunnlovsvedtak 29 mai 1990 kunngjort med res. 13 juli 1990 nr. 550, tilføyd med grunnlovsvedtak 1 juni 2022 kunngjort med res. 22 juni 2022 nr. 1133.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.