§ 75

Det høyrer Stortinget til

  1. å gje og oppheve lover; å fastsetje skattar, avgifter, toll og andre offentlege bører, som likevel ikkje gjeld etter 31. desember året etter, om dei ikkje blir uttrykkeleg fornya av eit nytt storting;
  2. å opne lån på rikets kreditt;
  3. å føre oppsyn med pengestellet i riket;
  4. å løyve dei pengesummane som trengst til statsutgiftene;
  5. å fastsetje kor mykje kongen skal få utbetalt til hoffstaten sin kvart år, og fastsetje den kongelege familiens apanasje, som ikkje kan vere i fast eigedom;
  6. å få seg førelagt protokollane frå statsrådet og alle offentlege meldingar og papir;
  7. å få melding om dei folkerettslege avtalene som kongen har gjort med framande makter for staten;
  8. å kunne gje kven som helst påbod om å møte for seg i statssaker, så nær som kongen og den kongelege familien; likevel kan dei kongelege prinsessene og prinsane kallast inn dersom dei har embete;
  9. å revidere lister over mellombels løner og pensjonar og gjere dei endringane som Stortinget meiner trengst;
  10. å utnemne fem revisorar som skal sjå gjennom statsrekneskapane kvart år og kunngjere utdrag av dei på prent; revisorane skal få rekneskapane tilsende innan seks månader etter utgangen av det året som Stortinget har gjeve løyvingar for; og å gje føresegner om ordninga av desisjonsmakta overfor rekneskapstenestemennene til staten;
  11. å utnemne ein som ikkje er medlem av Stortinget, som etter nærare føresegner fastsette i lov skal føre kontroll med den offentlege forvaltninga og alle som er i offentleg teneste, for å hindre at det blir gjort urett mot den einskilde borgaren;
  12. å gje innføddsrett.

Endra med grunnlovsvedtak 13 aug 1857, 24 apr 1869, 22 juni 1880, 30 juni 1891, 11 juni 1898, vedtak 18 nov 1905, grunnlovsvedtak 8 juni 1907, 24 mars 1911, 8 apr 1916 kunngjort 28 apr 1916, 7 des 1917 kunngjort 14 des 1917, 10 feb 1959 kunngjort 27 feb 1959, 9 feb 1967 kunngjort 23 feb 1967, 29 mai 1990 kunngjort med res. 13 juli 1990 nr. 550, 7 juni 1995 kunngjort med res. 23 juni 1995 nr. 567, 2 feb 2006 kunngjort med res. 3 mars 2006 nr. 270, 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613, 8 mai 2018 kunngjort med res. 1 juni 2018 nr. 788.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/1814-05-17
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
9ff6b5a30c9cd1805689550a63412e760ba6723ef021f489fb8ae366ad93581f
Rendererversjon
8
Siste endring i kraft
2024-05-21