§ 16. Gjennomføring av hausting

All hausting og anna utnytting av viltlevande marine ressursar skal skje så skånsamt som mogleg.

Departementet kan fastsetje forskrifter om gjennomføring av hausting, mellom anna om

  1. tidsrom for hausting og tidspunkt for utsegling
  2. kor mange fartøy frå ulike grupper som kan hauste samtidig i eit område
  3. forbod mot hausting i visse område, av visse artar eller med visse reiskapar
  4. utforming, merking, bruk og røkting av reiskapar og andre innretningar som vert nytta i samband med hausting
  5. største eller minste tillatne storleik på individ og at det berre eller for ein del skal haustast hann- eller hoindivid
  6. tillaten bifangst
  7. utforming og bruk av haustingsreiskapar for å redusere skadeverknader på andre artar enn målartane.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/2008-06-06-37
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
7a70ac7502350e34fa4be84798f56ef80cc8b734ff9c1cb86c6349ceb2ac7875
Rendererversjon
8
I kraft
2009-01-01
Siste endring i kraft
2026-01-01