§ 54. Fangst som er hausta eller levert i strid med lova

Fangst eller verdien av fangst som er hausta eller levert i strid med føresegner som er fastsette i eller i medhald av lova her, eller deltakerloven, tilfell vedkomande salslag, eller staten dersom fangsten ikkje fell inn under omsetningsretten til salslaget. Dette gjeld utan omsyn til om tilhøvet medfører straffansvar.

Departementet kan gje forskrift om

  1. handsaminga av saker etter første ledd
  2. kva for føresegner som er omfatta av første ledd
  3. korleis verdien av fangst etter første ledd skal fastsetjast
  4. om det kan gjevast vederlag for kostnader ved ilandføring av fangst etter første ledd
  5. kva salslaga kan bruke midlar som nemnt i første ledd til
  6. at brot på enkelte føresegner etter første ledd likevel ikkje skal medføre inndraging av fangst.

Endeleg vedtak er tvangsgrunnlag for utlegg, og verdien av fangsten kan krevjast inn ved motrekning i fangstoppgjer. Departementet kan gje forskrift om mellombels tilbakehald av fangstverdi.

Endra ved lov 21 april 2023 nr. 6 (i kraft 21 april 2023 iflg. res. 21 april 2023 nr. 527).

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/2008-06-06-37
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
7a70ac7502350e34fa4be84798f56ef80cc8b734ff9c1cb86c6349ceb2ac7875
Rendererversjon
8
I kraft
2009-01-01
Siste endring i kraft
2026-01-01