For å sikre at føresegner som er fastsette i eller i medhald av lova vert følgde, kan tvangsmulkt påleggjast.
Tvangsmulkta er ei løpande mulkt som går frå ein særskild fastsett frist for oppfylling av pålegg, dersom denne fristen har gått ut utan at pålegget er oppfylt.
Departementet kan i forskrift gje nærare reglar om fastsetjing, gjennomføring og kva tid tvangsmulkta skal gjelde for, og føresegner om rente og tilleggsgebyr dersom tvangsmulkta ikkje vert betalt ved forfall.
Tvangsmulkt kan krevjast inn gjennom salslaget ved motrekning i fangstoppgjer.
Endra ved lover 31 mai 2013 nr. 24 (ikr. 1 jan 2014 iflg. res. 31 mai 2013 nr. 540), 25 april 2025 nr. 12 (i kraft 1 jan 2026 iflg. res. 10 juni 2025 nr. 967).
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.