Når nokon av tenestefolket i eit samferdsleføretak for ålmenta finn hittegods i eignelut eller på område som føretaket rår over, skal han ta vare på godset om ikkje eigaren straks kan få det att. Finn andre hittegods på ein slik stad, skal dei la nokon av tenestefolket få det. Det same gjeld hittegods som vert funne i kyrkje, samlingshus, skule, teater, kinematograf, hotell, herbyrge, vertshus, kontor, arbeidsplass, butikk eller liknande.
Melder ikkje eigaren seg og hentar godset innan rimeleg tid, skal den eller dei som står for institusjonen eller føretaket, syta for at godset vert overlate til politiet etter reglane for hittegods.
På same måten gjeld føresegnene i denne paragrafen gods som er gjeve inn for å takast vare på eller sendast og som ikkje vert henta i rett tid eller vert liggjande av di vederlaget ikkje vert ytt eller av di rett mottakar ikkje kan finnast.
Dette gjeld og ferdagods og anna som vert gløymt eller halde att i hotell, herbyrge eller liknande. Likeins gjeld det vinst i lutspel når vinsten ikkje vert henta og gjeldande føresegn ikkje fastset annan framgangsmåte.
Paragrafen gjeld ikkje postsendingar som det er gjeve serlege føresegner om i lov eller med heimel i lov.
Kongen kan samtykkja i at offentleg institusjon og likeins samferdsleføretak for ålmenta kan fara åt med hittegods på onnor vis enn det som er sagt i denne lova.
Endra med lov 9 jan 1998 nr. 5.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.