Hittegods som ikkje toler å liggja eller ikkje kan liggja lenge utan monaleg kostnad eller verdmink, skal politiet få selt underhand eller gjennom namsmyndigheitene etter reglane om tvangssal så langt dei høver, så snart det er tenleg å gjera det, endå om tremånadsfristen ikkje er ute. Reglane i tvangsfullbyrdelsesloven § 8-16 fyrste leden gjelder ikkje i dette høvet. Melder eigaren seg og provar retten sin før fristen er ute, skal han få salsinnkoma etter at finnarlønn og annan kostnad er dregen frå. Elles gjeld reglane i § 7 andre ledd andre og tredje punktum og tredje ledd.
Endra med lover 3 juni 1983 nr. 43, 26 juni 1992 nr. 86, 20 juni 2003 nr. 45 (ikr. 1 juli 2003 iflg. res. 20 juni 2003 nr. 712).
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.