Den som ankar ei jordskifteavgjerd, skal betale gebyr for behandling i lagmannsretten etter lov 17. desember 1982 nr. 86 om rettsgebyr § 8. Den som ankar skal bere kostnadene med ankebehandlinga. Er det anka over fleire avgjerder etter § 6-23 samtidig, og førstelagmannen fastset at ankene skal behandlast som ei sak, skal det berre betalast eitt gebyr. I slike høve skal gebyret fordelast mellom dei som har anka etter høvetal. Dersom ankebehandlinga fører til ei monaleg endring i jordskiftet, skal lagmannsretten dele kostnadene med ankebehandlinga etter nytten kvar part får av det nye jordskiftet.
Dersom ei jordskifteavgjerd blir oppheva etter § 8-10 tredje ledd, skal den som ankar, betale kostnadene med ankebehandlinga på forskot. Dei forskotterte kostnadene med ankebehandlinga skal reknast som ein del av kostnadene med den nye jordskifteavgjerda.
Ved behandling av anke over jordskifteavgjerd skal kvar part bere sine eigne kostnader til rettshjelp og til anna sakkunnig hjelp for lagmannsretten. Dersom lagmannsretten seier dom i tvist som ikkje har vore behandla i jordskifteretten, gjeld § 7-9 første ledd. Ved trekking av anke over jordskifteavgjerd og ved avvising av anke over jordskifteavgjerd gjeld § 7-9 andre ledd.
Ved anke over jordskifteavgjerd om utmåling av erstatning i tiltaksjordskifte og i vernejordskifte gjeld lov 1. juni 1917 nr. 1 om skjønn og ekspropriasjonssaker §§ 54 a og 54 b.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.