§ 8-5. Ankefråsegna

Ved anke over dom, orskurd, eller vedtak, skal ankefråsegna fylle krava i tvisteloven § 29-9.

Anke over jordskifteavgjerd skal setjast fram anten skriftleg eller munnleg etter reglane i tvisteloven § 12-1 for den jordskifteretten som har hatt saka. Anken skal oppgi

  1. namnet på ankedomstolen
  2. saksnummer og kva avgjerd anken gjeld
  3. om anken gjeld heile avgjerda eller berre visse delar av henne, og
  4. ankegrunnane, der det skal stå kvifor ein ankar og kva ein vil med anken.

Når anken gjeld jordskifteavgjerd og det ikkje ligg føre særlege grunnar, skal alle som var partar i jordskiftesaka, bli partar i ankesaka òg.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/2013-06-21-100
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
1f48f05a59a0e934cb40593777c7c66570f4e9ee48777e12ecb98210767f3102
Rendererversjon
8
I kraft
2016-01-01
Siste endring i kraft
2025-07-01