§ 2. Definisjonar

I denne lova tyder

  1. kontantsal: sal av varer og tenester der kjøparen si betalingsplikt overfor seljar blir gjort opp ved levering, ved bruk av betalingskort eller kontantar som betalingsmiddel. Sal over internett eller ved oppkrav blir ikkje rekna som kontantsal,
  2. betalingskort: debetkort, kredittkort og faktureringskort,
  3. kontantar: andre betalingsmiddel enn betalingskort,
  4. kassasystem: kassaapparat eller anna elektronisk system for registrering av kontantsal og utskrift av salskvittering,
  5. leverandør av kassasystem: produsent eller importør som enten sjølv eller gjennom forhandlar sel eller tilbyr kassasystem mv. for sal, utleige eller utlån til bokføringspliktig som nemnt i § 1, og forhandlarar og andre som tilpassar kassasystem for dei bokføringspliktige,
  6. ID-nummeret til kassasystemet: ein unik identifikator for kassasystemet.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/2015-06-19-58
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
6e0e50be378fdbbb556877fcdaa7b38b1975e18526bd55d3a5f928606e73aeb6
Rendererversjon
8
I kraft
2017-01-01