Formålet med denne lova er å sikre eit godt og heilskapleg krisesentertilbod til kvinner, menn og barn som er utsette for vald eller truslar om vald i nære relasjonar.
Kommunen skal sørgje for eit krisesentertilbod som skal kunne nyttast av personar som er utsette for vald eller truslar om vald i nære relasjonar, og som har behov for rådgjeving eller eit trygt og mellombels butilbod.
Tilbodet skal omfatte følgjande:
Tilbodet skal gi brukarane støtte, rettleiing og hjelp til å ta kontakt med andre delar av tenesteapparatet.
Enkeltpersonar kan vende seg direkte til krisesentertilbodet som nemnt i andre ledd, utan tilvising eller timeavtale.
Kommunen skal sørgje for god kvalitet på tilbodet, mellom anna ved at dei tilsette har kompetanse til å ta vare på dei særskilte behova til brukarane.
Butilbodet til kvinner og butilbodet til menn skal vere fysisk skilde.
Departementet kan gi forskrift om krav til kompetanse hos dei tilsette og krav til fysisk sikring av lokale.
Endra ved lov 20 juni 2025 nr. 42 (i kraft 1 jan 2026 iflg. res. 20 juni 2025 nr. 1087).
Kommunen skal sørgje for at tilbodet så langt råd er blir lagt til rette slik at det kjem dei individuelle behova til brukarane i møte. Er tilrettelegging ikkje mogleg, skal kommunen sørgje for likeverdige alternative krisesentertilbod for brukarar som ikkje kan nytte det vanlege tilbodet ved krisesenteret.
Dei særskilde rettane til samiske brukarar skal varetakast i krisesentertilbodet.
Kommunen skal sørgje for å ta vare på barn på ein god måte som er tilpassa deira særskilte behov, og skal også sørgje for at barn får oppfylt dei rettane dei har etter anna regelverk.
Kommunen skal sørgje for at brukarar av bu- og dagtilbodet får tilgang til kvalifisert tolk dersom det er nødvendig for at dei skal få eit fullgodt tilbod. Kommunen skal sørgje for rutinar for kvalitetssikring, bestilling og betaling av tolketenester.
Endra ved lov 20 juni 2025 nr. 42 (i kraft 1 jan 2026 iflg. res. 20 juni 2025 nr. 1087).
Kommunen skal sørgje for at krisesentertilbodet samarbeider med andre delar av tenesteapparatet dersom det er nødvendig for å gi brukaren eit heilskapleg og samordna tenestetilbod. Dersom brukaren har individuell plan etter anna lov og forskrift, skal kommunen sørgje for at krisesentertilbodet deltek i samarbeid om utarbeiding og oppfølging av tiltak og mål i den individuelle planen.
Kommunen skal samordne tenestetilbodet etter første ledd. Ved behov skal kommunen bestemme kva for ein kommunal tenesteytar som skal vareta samordninga. Dersom det er oppnemnd barnekoordinator etter helse- og omsorgstenesteloven § 7-2 a, skal koordinatoren sørgje for samordning av tenestetilbodet.
Kommunen skal, i tillegg til å følgje opp einskilde brukarar, sørgje for at krisesentertilbodet samarbeider med andre delar av tenesteapparatet slik at krisesentertilbodet og dei andre tenestene kan ivareta sine oppgåver etter lov og forskrift.
Med tenesteapparatet er det her meint kommunale, fylkeskommunale og statlege tenesteytarar, private tenesteytarar som utfører oppgåver på vegner av ein slik tenesteytar, barnehagar som får tilskot etter barnehageloven § 19 og skolar som får statstilskot etter privatskolelova § 6-1.
Endra med lover 24 juni 2011 nr. 30 (ikr. 1 jan 2012 iflg. res. 16 des 2011 nr. 1252), 11 juni 2021 nr. 78 som endra med lov 10 juni 2022 nr. 39 (i kraft 1 aug 2022 iflg. res. 20 mai 2022 nr. 871).
Alle som utfører teneste eller arbeid etter denne lova, har teieplikt etter forvaltningsloven §§ 13 til 13 e og 13 g. Brot på teieplikta straffast etter straffeloven § 209.
Teieplikta gjeld også fødestad, fødselsdato, personnummer, statsborgarforhold, sivilstand, yrke, bustad, arbeidsstad og andre opplysningar som kan røpe at nokon har vore i kontakt med tilbodet.
Opplysningar til andre forvaltningsorgan, jf. forvaltningsloven § 13 b nr. 5 og 6, kan berre givast når dette er nødvendig for å fremme oppgåvene til kommunen etter denne lova, eller for å førebyggje vesentleg fare for liv eller alvorleg skade på helsa til nokon.
Endra med lover 19 juni 2015 nr. 65 (ikr. 1 okt 2015), 18 juni 2021 nr. 127 (ikr. 1 juli 2021 iflg. res. 18 juni 2021 nr. 2026).
Organ som utfører oppgåver etter denne lova, kan behandle personopplysningar, også personopplysningar som nemnde i personvernforordningen artikkel 9 og 10, når det er nødvendig for å utføre oppgåver etter lova. Det same gjeld private som utfører oppgåver etter denne lova.
Brukarar av krisesentertilbodet kan reservere seg mot vidarebehandling av opplysningar til bruk i til dømes statistikk, analysar og forsking.
Departementet kan gi nærmare reglar i forskrift om behandling av personopplysningar, mellom anna om formålet med behandlinga, behandlaransvar, kva for personopplysningar som kan behandlast, utlevering, registerføring, tilgang til register og høvet til vidarebehandling.
Tilføyd ved lov 20 juni 2025 nr. 42 (i kraft 1 jan 2026 iflg. res. 20 juni 2025 nr. 1087).
Organ som utfører oppgåver etter denne lova, kan utan hinder av teieplikt innhente opplysningar frå Folkeregisteret som er nødvendige for å utføre oppgåver etter denne lova.
Tilføyd ved lov 20 juni 2025 nr. 42 (i kraft 1 jan 2026 iflg. res. 20 juni 2025 nr. 1087).
Alle som utfører teneste eller arbeid etter denne lova, skal i arbeidet sitt vere merksame på forhold som kan føre til tiltak frå barnevernstenesta.
Alle som utfører teneste eller arbeid etter denne lova, skal utan hinder av teieplikta melde frå til barnevernstenesta utan ugrunna opphald
Alle som utfører teneste eller arbeid etter denne lova, pliktar også å gi opplysningar etter pålegg i samsvar med barnevernsloven § 13-4.
Endra med lover 20 apr 2018 nr. 5 (ikr. 1 juli 2018 iflg. res. 8 juni 2018 nr. 839), 18 juni 2021 nr. 97 (i kraft 1 jan 2023 iflg. res. 14 okt 2022 nr. 1739), 20 juni 2025 nr. 39 (i kraft 1 jan 2026 iflg. res. 19 des 2025 nr. 2711).
Kommunen skal sørgje for at alle som utfører tenester eller arbeid etter denne lova, er merksame på forhold som bør føre til tiltak frå sosialtenesta eller helse- og omsorgstenesta. Kommunen skal sørgje for at krisesentertilbodet av eige tiltak gir sosialtenesta eller helse- og omsorgstenesta opplysningar om slike forhold så langt opplysningane kan givast utan hinder av teieplikta.
Føyd til med lov 11 juni 2021 nr. 78 (i kraft 1 aug 2022 iflg. res. 20 mai 2022 nr. 871).
Den som blir tilsett eller får tildelt oppgåver som inneber kontakt med brukarar av eit krisesenter eller tilsvarande bu- og dagtilbod, skal leggje fram politiattest som nemnt i politiregisterloven § 39 første ledd. Attesten skal ikkje vere eldre enn tre månader.
Departementet kan gje nærare forskrift om krav til politiattest.
Endra med lov 22 mai 2017 nr. 27 (ikr. 22 mai 2017 iflg. res. 22 mai 2017 nr. 619).
Oppheva med lov 19 juni 2020 nr. 89 (ikr. 1 jan 2021 iflg. res. 25 sep 2020 nr. 1825).
Statsforvaltaren skal føre tilsyn med at kommunen oppfyller pliktene pålagde etter §§ 2, 3 og 4 og kommuneloven § 25-1.
Reglane i kommuneloven kapittel 30 gjeld for den tilsynsverksemda som er nemnd i første leddet.
Endra med lover 22 juni 2018 nr. 83 (ikr. 1 nov 2019 iflg. res. 25 juni 2019 nr. 879), 19 juni 2020 nr. 89 (ikr. 1 jan 2021 iflg. res. 25 sep 2020 nr. 1825), 7 mai 2021 nr. 34 (ikr. 1 juni 2021 iflg. res. 7 mai 2021 nr. 1416).
Kongen kan gi forskrifter om bruken av lova på Svalbard og har høve til å fastsetje særlege reglar der det blir teke omsyn til forholda på staden.
Lova blir sett i kraft frå den tid Kongen bestemmer.[^1] Departementet kan i forskrift gi nærmare overgangsreglar.
1 Frå 1 jan 2010 iflg. res. 4 sep 2009 nr. 1155.
Med verknad frå ikraftsetjinga av lova gjer ein denne endringa i anna lovgjeving: – – –
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.