§ 2.

Det er forbode å ha samkvem med rettssubjekt som nemnt i § 1 eller fara fram på ein måte som er eigna til å skaffe slikt rettssubjekt føremon.

Det er soleis m.a. forbode:

  1. Å gjere avtale med eller til føremon for slikt rettssubjekt.
  2. Å ta på seg skyldnad andsynes eller til føremon for slikt rettssubjekt.
  3. Å yta teneste, levera gods eller verdepapir, betala pengar, skipa eller overføra rettar av kva slag det så er til slikt rettssubjekt eller til føremon for slikt rettssubjekt.
  4. Å ta mot teneste, gods, verdepapir eller anna yting frå slikt rettssubjekt.
  5. På kva måte det så er beinveges eller ved mellommann å senda melding av kva slag det måtte vera til slikt rettssubjekt.

Forbodet gjeld ikkje gjerningar som er gjorde i offentleg ærend.

Kongen eller den han gjev fullmakt kan gjera unnatak frå forbodet.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/1950-12-15-3
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
31c84640ff7ccba67c26ec5ca3a958089568971c2ab2ceebebb22f03a9930ab2
Rendererversjon
8
Siste endring i kraft
2015-10-01