§ 1.

Når riket er i krig eller krigsfare eller riksens sjølvstende eller tryggleik er i fare, kan Kongen fastsetja at rettargangsfristar ikkje skal gå eller at dei ikkje skal gå ut før etter ei viss fastsett tid. Det same gjeld frist for anna åtgjerd som har noko å seia for at ein rett eller ei motsegn skal verta til eller stå ved lag.

Vedtaket kan gjelda alle slike fristar eller berre sume og kan gjevast for heile riket eller berre for einskilde landsluter.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/1964-12-04-1
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
7b541321abc881908c4633e2ca9d2c927c14a96744f8575807461c4137d19f1b
Rendererversjon
8
I kraft
1964-12-04
Siste endring i kraft
2016-04-22