Lov om å setja i verk avtala 18 mars 1965 om løysing av tvistar mellom ein stat og borgarar i andre statar om investeringar

§ 1.

Med «avtala» er i denne lov meint den avtala som vart gjord i Washington 18 mars 1965 etter opptak frå Den mellomfolkelege banken for atterreising og framvokster, og som gjeld løysing av tvistar mellom ein stat og borgarar i andre statar om investeringar.

Under «skilsdom» går her og avgjerder etter artiklane 50, 51 eller 52 i avtala om at ein skilsdom kan verta tolka, brigda eller gjord om inkje.

§ 2.

Skilsdom som er gjord med heimel i avtala, er bindande her i riket.

Går ein skilsdom ut på at nokon skal reida ut pengar kan skilsdomen fullførast her i riket so framt fullføringa ikkje er utdrygd etter reglane i avtala. Krav om fullføring vert framsett for namsfuten. Tvangsfullbyrdelsesloven § 4-2 fjerde ledd gjeld ikkje for fullføring av skilsdom som er gjord med heimel i avtala.

Vert det opplyst at fullføring er utdrygd etter reglane i avtala, skal ei fullføringssak som går her i riket, likeins utsetjast. Elles kan fullføring her ikkje utdrygjast av di det er kravt at skilsdomen skal verta tolka, brigda eller gjord om inkje etter reglane i avtala.

Endra ved lover 14 mai 2004 nr. 25 (ikr. 1 jan 2005 iflg. res. 14 mai 2004 nr. 751), 19 juni 2026 nr. 45 (i kraft 1 juli 2026 iflg. res. 19 juni 2026 nr. 1146).

§ 3.

Det mellomfolkelege sentret for løysing av investeringstvistar, tenestemennene åt senteret og andre som er målsmenn for senteret, skal ha den immunitet og dei privileg som er fastsett i avtala. Det same gjeld om dei som møter i saker etter avtala og er partar, målsmenn, hjelpesmenn, advokatar, vitne eller sakkunnige.

§ 4.

Kongen kan gjeva nærare føresegner til gjennomføring av lova.

§ 5.

Kongen fastsett kva dag[^1] lova skal taka til å gjelda.

1 Frå 15 sep 1967 iflg. res. 25 aug 1967.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/1967-06-08-3
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
26b899c3408d193225b3c879e564e393b9a0e9df46466c6f08ab9519711c9470
Rendererversjon
8
I kraft
1967-09-15
Siste endring i kraft
2026-07-01