§ 19. Løysingssum

Når løysingssummen skal setjast til den pris eigedomen vert selt for til andre og eigedomen openbert er selt til underpris, eller skiftar eigar ved byte, gåve eller arv, skal løysingssummen fastsetjast etter vanleg pris.

Det same gjeld også elles når det ikkje er heimel for å fastsetje løysingssummen på anna grunnlag.

Når løysingssummen etter skipingsgrunnlaget er fastsett til ein fast sum, skal løysingsrettshavaren godtgjere verdauken av særlege påkostnader som er gjort på eigedomen etter at løysingssummen opphavleg vart fastsett.

Kår eller andre naturalytingar som går inn i overtakingsvilkåra, kan etter krav frå ein av partane reknast om i pengar.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/1994-12-09-64
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
577f78331752eabdf7ce1eedcad4f00436edd6fec30c06d165971c62eccad55f
Rendererversjon
8
I kraft
1995-07-01
Siste endring i kraft
2018-01-01