§ 5. Anke

Dersom ikkje anna er fastsett i eller i medhald av lov, kan avgjerd under notarialforretningar ankast til lagmannsretten. For anke gjeld reglane i tvisteloven og domstollova dersom ikkje anna følgjer av andre til sjette leddet.

Anken høyrer under lagmannsretten i lagdømet der notarius publicus har sete. For avgjerd teken av norsk notarius publicus i utlandet er Borgarting lagmannsrett ankeinstans. For avgjerd teken av sysselmeisteren på Svalbard som notarius publicus, er Hålogaland lagmannsrett ankeinstans.

For den som har fått underretning om avgjerda, er fristen for å anke avgjerda ein månad frå den dag vedkomande mottok meldinga. For andre er fristen ein månad frå den dag då vedkomande har fått eller burde ha skaffa seg kjennskap til avgjerda, likevel ikkje ut over tre månader frå tidspunktet avgjerda blei teken.

Er fristen for anke gått ut, gjeld forvaltningslova § 31 tilsvarande.

Notarius publicus skal leggje saka til rette for ankeinstansen og gjere greie for saka på forsvarleg måte.

Om dekning av sakskostnader frå det offentlege gjeld forvaltningslova § 36 første leddet og tredje leddet første og andre punktumet tilsvarande.

Endra med lover 17 juni 2005 nr. 90 som endra med lov 26 jan 2007 nr. 3 (ikr. 1 jan 2008 iflg. res. 26 jan 2007 nr. 88), 11 juni 2021 nr. 68 (ikr. 1 juli 2021).

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/2002-04-26-12
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
8b6e62dc7ab514a67a013893d00ee20945e442fbc428ad5fbc13dc7dd334e1a2
Rendererversjon
8
I kraft
2002-07-01
Siste endring i kraft
2023-10-01