Oppmoding om å løysa ut tingen kan ikkje gjevast før arbeidet er gjort og vederlaget dagfalle; det skal samstundes seiast frå at tingen elles vert seld eller kasta.
Slik oppmoding og fråsegn vert rekna for gjevi når ho er sendt i rekommandert brev med den tilskrift som tingaren gav opp, eller med ei onnor tilskrift når sendaren veit at den er den rette.
Er tilskrifta ikkje kjend, skal oppmoding og fråsegn kunngjerast med oppslag på den staden i verksemda der slike ting til vanleg vert mottekne og gjevne ut att.
Endra med lov 4 juni 1993 nr. 54.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.