§ 4. Særlege opplysningar

(1) Ein røystingsrådgjevar skal kvart år offentleggjere følgjande opplysningar om korleis rådgjevaren førebur undersøkingar, råd og røystingstilrådingar:

  1. hovuddraga i dei metodane og modellane som er nytta
  2. dei viktigaste informasjonskjeldene som er nytta
  3. framgangsmåtane som er innførte for å sikre kvaliteten på undersøkingane, rådgjevinga og røystingstilrådingane og kvalifikasjonane til dei tilsette som deltek
  4. om og eventuelt korleis dei tek omsyn til tilhøve i dei nasjonale marknadene og til juridiske, regulatoriske og selskapsspesifikke tilhøve
  5. hovuddraga i retningslinene for stemmegjeving som dei nyttar for den einskilde marknaden
  6. om dei har dialog med selskapa som undersøkingane, rådgjevinga eller røystingstilrådingane gjeld, og med interessentar i desse selskapa, og i så fall omfanget og karakteren til dialogen
  7. retningslinene for førebygging og handtering av potensielle interessekonfliktar.

(2) Opplysningane som er nemnde i bokstav a til g skal vere offentleg og kostnadsfritt tilgjengelege på nettstaden til røystingsrådgjevaren i minst tre år etter datoen for offentleggjeringa. Dette gjeld ikkje opplysningar som allereie er offentleggjorde etter § 3. § 3 fjerde leddet gjeld på tilsvarande måte.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/2021-06-18-136
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
b9c9d8aee13c0af27ebd9b9e78922bdf2ded21f63c0e2f90a8404edf1bb2893a
Rendererversjon
8
I kraft
2021-07-01
Siste endring i kraft
2025-04-01