§ 19. Henting av opplysningar mv.

Arbeids- og velferdsetaten kan krevje at Skatteetaten gir opplysningar om inntekts- og formuestilhøva for ein person som søkjer om eller har fått supplerande stønad. Dette gjeld òg i høve til tidlegare skattefastsetjingar.

Ved behandlinga av krav om ytingar etter lova, og ved kontroll av ytingar som er gitt, har Arbeids- og velferdsetaten rett til å få nødvendige opplysningar frå sosialtenesta, politiet, andre offentlege organ, arbeidsgivar, bankar, forsikringsselskap og private pensjonsordningar.

Arbeids- og velferdsetaten kan påleggje helseinstitusjonar, fengsel og andre institusjonar å gi rutinemessige meldingar når klientar vert innlagde eller utskrivne.

Dei som vert pålagt å gi opplysningar, har plikt til å gjere dette utan ugrunna opphald og utan hinder av teieplikt. Dei kan ikkje krevje vederlag for å gi opplysningane.

Endra med lover 16 juni 2006 nr. 20 (ikr. 1 juli 2006 iflg. res. 16 juni 2006 nr. 631), 17 juni 2016 nr. 25, 27 mai 2016 nr. 14 (ikr. 1 jan 2017 iflg. res. 27 mai 2016 nr. 531).

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/2005-04-29-21
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
a2cf03a92e9f4ad2ac96c86fb910c63ef27057c04fd584483bccbd8179af760c
Rendererversjon
8
I kraft
2006-01-01
Siste endring i kraft
2026-05-07