§ 3. Kven som kan få stønad

Supplerande stønad vert gitt til personar som er busette i Noreg og som anten har fylt 67 år eller er uføre flyktningar. Ein person vert rekna som busett dersom han eller ho er registrert i folkeregisteret og har norsk statsborgarskap, eller med heimel i utlendingslova har fått permanent opphaldsløyve eller mellombels opphaldsløyve som gir grunnlag for permanent opphaldsløyve.

Familiemedlemer i oppstigande linje, onkel eller tante til referansepersonen eller garantisten, som har fått opphaldsløyve i Noreg på grunnlag av familiesameining, har ikkje rett til supplerande stønad. Dette gjeld berre dersom det i det første vedtaket om søkjaren sitt opphaldsløyve vart stilt krav til referansepersonen eller garantisten sitt underhald.

Med referansepersonen meiner ein den personen som søkjaren ønsker å bli sameint med att eller å etablere familieliv med. Med garantisten meiner ein den personen som stiller økonomisk garanti (tredjemannsgaranti) og legg fram skriftleg erklæring om at vedkommande tar på seg å garantere for underhald av søkjaren, og som er ein del av referansepersonen sitt hushald.

Det er eit vilkår for rett til supplerande stønad at stønadstakaren og ein eventuell ektemake over 67 år fullt ut nyttar retten sin til pensjon frå folketrygda eller andre norske eller utanlandske ordningar.

Endra med lover 17 des 2010 nr. 77 (ikr. 1 jan 2011), 18 des 2015 nr. 103 (ikr. 1 jan 2016), 17 juni 2016 nr. 25, 20 des 2019 nr. 84 (ikr. 1 jan 2021 iflg. res. 18 des 2020 nr. 2860, for bestemmingar sjå loven del V).

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/2005-04-29-21
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
a2cf03a92e9f4ad2ac96c86fb910c63ef27057c04fd584483bccbd8179af760c
Rendererversjon
8
I kraft
2006-01-01
Siste endring i kraft
2026-05-07