§ 6. Inntekt som går til frådrag i supplerande stønad

Full supplerande stønad skal setjast ned med inntekt hos stønadstakaren sjølv så vel som hos ektemaken.

Dersom ektemaken har fylt 67 år, skal ektemaken si inntekt likevel berre inngå ved prøvinga av ytingane til stønadstakaren med den delen som overstig full supplerande stønad etter § 5 første leddet bokstav b. Dersom ektemaken er ufør flyktning, skal ektemaken si inntekt berre inngå ved prøvinga av ytingane til stønadstakaren med den delen som overstig full supplerande stønad etter § 5 andre leddet bokstav b.

Som inntekt vert rekna

  1. arbeidsinntekt
  2. pensjon, uføretrygd og andre ytingar frå folketrygda til livsopphald, inkludert forsørgingstillegg
  3. introduksjonsstønad for nykomne innvandrarar, kvalifiseringsstønad, kontantstøtte og bidrag etter ekteskapslova
  4. andre norske offentlege eller private pensjonar, uføreytingar og andre ytingar til livsopphald, inkludert forsørgingstillegg
  5. kapitalinntekter
  6. tilsvarande inntekter eller ytingar som nemnde i bokstavane a til e frå utlandet.

For uføre flyktningar skal arbeidsinntekt ikkje setjast lågare enn forventa inntekt etter uførheit, sjå folketrygdlova § 12-9 tredje leddet.

Endra med lover 20 juni 2014 nr. 24 (ikr. 1 jan 2015 iflg. res. 20 juni 2014 nr. 799) som endra med lov 19 des 2014 nr. 74, 17 juni 2016 nr. 25, 20 des 2019 nr. 84 (ikr. 1 jan 2021 iflg. res. 18 des 2020 nr. 2860, for bestemmingar sjå loven del V) som endra med lov 18 des 2020 nr. 138.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/2005-04-29-21
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
a2cf03a92e9f4ad2ac96c86fb910c63ef27057c04fd584483bccbd8179af760c
Rendererversjon
8
I kraft
2006-01-01
Siste endring i kraft
2026-05-07