Lov om tekniske kontrollorgan som har til oppgåve å gjennomføre samsvarsvurderingar

§ 1.

Denne lova gjeld utpeiking av og verksemda til tekniske kontrollorgan som driv samsvarsvurderingar etter reglar som er gitt til gjennomføring av EØS-avtalen, og reglar gitt av land Noreg har inngått avtale med om gjensidig godkjenning av samsvarsvurderingar.

Med samsvarsvurdering meiner ein avgjerd av om eit produkt oppfyller dei tekniske krava o.a. som er stilt i regelverket som nemnt i fyrste leddet.

Med tekniske kontrollorgan meiner ein føretak, offentlege organ o.a. som gjennom utpeiking som nemnt i § 2 har rett til å drive samsvarsvurdering av produkt som andre har utvikla.

Endra med lov 2 mai 1997 nr. 25.

§ 2.

Departementet kan etter søknad peike ut eit organ som teknisk kontrollorgan dersom organet kan dokumentere at det oppfyller dei krava som er stilt på det aktuelle området i regelverket som nemnt i § 1.

Departementet kan setje vilkår for utpeikinga.

§ 3.

Departementet kan påleggje tekniske kontrollorgan å utarbeide rapportar om arbeidet sitt til departementet, og få fram annan dokumentasjon som departementet finn naudsynt for å kontrollere verksemda.

§ 4.

Dersom eit teknisk kontrollorgan ikkje lenger oppfyller krava som er nemnde i § 2, eller på annan måte opptrer i strid med regelverket, kan departementet gje pålegg om retting innan ein nærmare fastsett frist eller trekkje tilbake utpeikinga.

§ 5.

Forvaltningslova kapittel II til VI gjeld for samsvarsvurderingar som tekniske kontrollorgan gjer. Organa kan likevel ta vanleg betaling for samsvarsvurderingane.

§ 6.

Ei samsvarsvurdering som er gitt av eit teknisk kontrollorgan som er peika ut av ein annan EØS-stat, eller som er utpeika i samsvar med ein avtale om gjensidig godkjenning av samsvarsvurderingar, har same rettsverknad som ei samsvarsvurdering frå eit teknisk kontrollorgan her i landet.

Endra med lov 2 mai 1997 nr. 25.

§ 7.

Departementet kan ved forskrift gi nærmare reglar til gjennomføring og utfylling av denne lova.

§ 8.

Kongen fastset kva tid lova skal ta til å gjelda.[^1]

1 Frå 16 juni 1994 iflg. res. 16 juni 1994 nr. 481.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/1994-06-16-20
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
6fbc66c2905a83b7e3ef0c21c42af667dac3520d6ff66c877b64d03509c9ac9f
Rendererversjon
8
I kraft
1994-06-16
Siste endring i kraft
1997-05-02