§ 12. Særskilt om matrikkelføring av festegrunn

Matrikulering skal gjennomførast før del av grunneigedom eller jordsameige blir festa bort, dersom festet kan gjelde i meir enn 10 år.

Tilsvarande gjeld ved forlenging for meir enn 10 år av festerett til umatrikulert festegrunn, og for festegrunn som skal nyttast som tilleggsareal til matrikkeleining.

Festerett som gjeld for ei tid av 10 år eller kortare, kan ikkje matrikulerast.

Før matrikkelføring av endring av grenser for festegrunn som går ut over justeringar som kan behandlast etter § 16, må det vere gitt løyve som for oppretting av ny festegrunn. Det må dessutan liggje føre nødvendige fråsegner om endring av festerett, pantefråfall og konsesjonar for arealet.

Oppmålingsforretning som endrar grensene for festerett, kan krevjast av dei som er nemnde i § 9 første ledd bokstav a og f. I saker som er kravd etter § 9 første ledd bokstav a, må det liggje føre samtykke frå festaren. Endring av grenser som omfattar umatrikulerte einingar, kan berre skje i saker der dette er kravd etter § 9 første ledd bokstav f, og berre samtidig med at einingane blir matrikulerte.

Departementet kan gi forskrift om matrikkelføring av festegrunn, til dømes om kven som kan krevje matrikkelføring.

Endra ved lover 29 juni 2007 nr. 94 (ikr. 29 juni 2007 iflg. res. 29 juni 2007 nr. 760), 20 apr 2018 nr. 12 (i kraft 1 jan 2021 iflg. res. 29 april 2020 nr. 885).

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/2005-06-17-101
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
2e4edbee237cd6d3cd2b71d2b0c982ba447c09bb6235aae8a157871820f8d69a
Rendererversjon
8
I kraft
2010-01-01
Siste endring i kraft
2025-07-01