§ 16. Grensejustering

Ei grense mellom matrikkeleiningar kan justerast utan at det blir henta inn fråsegn om pantefråfall. Dette gjeld tilsvarande for justering av ei grense mellom ein festegrunn og grunneigedommen eller jordsameiget som festegrunnen er ein del av. Grensa kan ikkje justerast i strid med føresegner gitt i eller i medhald av anna lovgiving.

Ved justering kan berre mindre areal overførast mellom dei aktuelle einingane. Einsidig overføring av mindre areal kan utførast som grensejustering.

Panterett og festerett følgjer dei nye grensene slik dei blir fastlagde ved grensejustering.

Føresegna om panterett gjeld tilsvarande for andre rettar så langt det passar.

Grensejustering kan krevjast av dei som er nemnde i § 9. Endra grenser for festerett kan berre matrikkelførast når det ligg føre samtykke frå festaren. Grensejustering av ei umatrikulert eining kan berre skje samstundes med at eininga blir matrikulert.

Departementet kan gi forskrift om grensejustering, under dette setje areal- og verdigrenser for areal som blir overført mellom einingane.

Endra ved lov 20 apr 2018 nr. 12 (i kraft 1 jan 2021 iflg. res. 29 april 2020 nr. 885).

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/2005-06-17-101
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
2e4edbee237cd6d3cd2b71d2b0c982ba447c09bb6235aae8a157871820f8d69a
Rendererversjon
8
I kraft
2010-01-01
Siste endring i kraft
2025-07-01