Kommunen kan utan oppmålingsforretning ta inn i matrikkelen referansar til avtalar om eksisterande grenser for ei matrikkeleining dersom grensa ikkje er tidlegare fastlagd i ei oppmålingsforretning eller i ei tilsvarande forretning etter anna eller tidlegare lov. Det same gjeld for avtalar om lokalisering av eksisterande og ikkje fastlagde punktfeste og for avtalar om stadfesting av varige stadbundne rettar som ikkje er omfatta av § 6, og som gjeld ein del av ein grunneigedom, anleggseigedom eller festegrunn eller ein del av eit jordsameige eller eit uteareal til ein eigarseksjon.
Departementet kan gi forskrift om at ein slik avtale berre kan tinglysast dersom avtalen har referanse i matrikkelen.
Departementet kan gi forskrift om avtalar som kan få referanse i matrikkelen.
Endra ved lover 29 juni 2007 nr. 94 (ikr. 29 juni 2007 iflg. res. 29 juni 2007 nr. 760), 20 apr 2018 nr. 12 (i kraft 1 jan 2021 iflg. res. 29 april 2020 nr. 885), 11 mai 2021 nr. 37 (ikr. 1 juli 2021 iflg. res. 11 mai 2021 nr. 1542).
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.