Er det grunn til å tru at eit dokument er øydelagt eller bortkome og kan rettshavaren ikkje nytta retten etter dokumentet utan å ha det for hand, kan han krevja at det vert mortifisert i dom så framt han gjer det truleg at retten enno er til.
Er dokumentet eit omsetningsskuldbrev eller anna omsetningspapir og skyldnaren gjer det truleg at skyldnaden er fallen bort eller ikkje er til, kan dokumentet verta mortifisert i dom jamvel etter krav frå skyldnaren, så framt hine vilkåra i fyrste leden er til stades og serlege grunnar gjer det rimeleg.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.