§ 6.

Munnleg kravsmål om mortifikasjon skal domaren skriva ned og skriva under saman med søkjaren. Med kravsmålet skal fylgja ei rettkjend avskrift av dokumentet; let det seg ikkje gjera, skal det greiast ut om alle dei viktigaste kjennemerke på dokumentet og elles gjevast så god opplysning om dokumentet at det ikkje vert forblanda. Dertil må søkjaren lata domaren få opplysningar som gjer det truleg at vilkåra for mortifikasjon ligg føre. Serleg må det gjerast greie for, så nøgje som råd er, kva tid og korleis dokumentet er, eller truleg er, øydelagt eller bortkome.

Domaren kan påleggja søkjaren å få til vegar fleire opplysningar og jamvel kalla inn søkjaren og andre som truleg kan gjeva opplysningar, til å møta i retten og gjeva munnleg utgreiing. Reglane i tvisteloven om opptak av prov i rettssak, gjeld då på tilsvarande måte så langt dei høver.

Endra med lov 17 juni 2005 nr. 90 (ikr. 1 jan 2008 iflg. res. 26 jan 2007 nr. 88, endring endra med lov 26 jan 2007 nr. 3).

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/1959-12-18-1
Hentet
2026-07-01T08:08:55.828874+00:00
Kilderevisjon
2032c09ca380
Innholdshash (XML)
54f944ccfcb665dde41fa71cc197126ee8e98a6ad964035e46776d4c8f700698
Rendererversjon
8
I kraft
1961-01-01
Siste endring i kraft
2026-07-01