Har ingen rettshavar etter dokumentet meldt seg når fristen i § 7 andre leden går ut, og er det heller ikkje kome fram noko anna som stengjer for mortifikasjon, gjev retten mortifikasjonsdom utan hovudførehaving.
Melder nokon seg før fristen er ute og gjer motmæle mot at dokumentet vert mortifisert, skal saka overførast til ein annan domstol i samsvar med vernetingsreglane i tvisteloven §§ 4-4, 4-5 og 4-7 og deretter halde fram etter dei vanlege reglane i tvisteloven.
Endra med lover 17 juni 2005 nr. 90 (ikr. 1 jan 2008 iflg. res. 26 jan 2007 nr. 88, endring endra med lov 26 jan 2007 nr. 3), 20 juni 2008 nr. 46 (ikr. 1 juli 2008 iflg. res. 20 juni 2008 nr. 619).
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.