§ 6. Forholdet til rettsmedisinsk obduksjon etter straffeprosessloven

Dersom legen etter helsepersonelloven § 36 tredje ledd har plikt til å melde frå til politiet fordi det er grunn til å tru at dødsfallet er unaturleg, kan medisinsk obduksjon ikkje setjast i gang før påtalemakta har avgjort at det ikkje skal gjennomførast ein rettsmedisinsk obduksjon.

Dersom det under ein medisinsk obduksjon blir avdekt forhold som tydar på unaturleg død, skal obduksjonen avbrytast og politiet underrettast utan opphald.

Endra ved lov 6 mars 2020 nr. 2 (ikr. 1 mai 2020 iflg. res. 6 mars 2020 nr. 244).

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/2015-05-07-26
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
ed62a6105d557bd457f3f97045d6dcd0be0f848de88841a9ffe20b16b1b3deab
Rendererversjon
8
I kraft
2016-01-01
Siste endring i kraft
2022-07-01