§ 13-4. Fysiske inngrep for å avverje skade m.m.

Tilsette i skolen, leksehjelpa og skolefritidsordninga kan, når andre tiltak ikkje er tilstrekkelege, gripe inn fysisk mot elevar for å avverje at ein elev

  1. krenkjer ein person fysisk eller psykisk eller utsett seg sjølv for fysisk fare
  2. skader eigedom
  3. viser ei åtferd som er sterkt fornedrande for eleven sjølv
  4. vesentleg forstyrrar opplæringa til andre elevar

Det fysiske inngrepet kan ikkje gå lenger enn nødvendig, og det skal stå i eit rimeleg forhold til dei interessene som skal varetakast.

Handlingar som er allment aksepterte i samhandling mellom vaksne og barn som dei har omsorg for, skal ikkje reknast som fysiske inngrep etter paragrafen her.

Tilføyd ved lov 14 juni 2024 nr. 36, endra ved lov 23 mai 2025 nr. 16 (i kraft 1 aug 2025 iflg. res. 23 mai 2025 nr. 840).

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/2023-06-09-30
Hentet
2026-08-01T06:26:11.637345+00:00
Kilderevisjon
7f9bac54deb1
Innholdshash (XML)
7d2e7c292791e9552920bc6809290ce922f527423fef8c37379cfdf22df362ed
Rendererversjon
8
I kraft
2024-08-01
Siste endring i kraft
2026-08-01