§ 24-3. Plikt til å melde frå til barnevernet

Alle som utfører tenester eller arbeid etter denne lova, skal i arbeidet sitt vere merksame på forhold som kan føre til tiltak frå barnevernstenesta.

Alle som utfører tenester eller arbeid etter denne lova, skal utan hinder av teieplikta melde frå til barnevernstenesta utan ugrunna opphald

  1. når det er grunn til å tru at eit barn blir eller kjem til å bli mishandla, utsett for alvorlege manglar ved den daglege omsorga eller annan alvorleg omsorgssvikt
  2. når det er grunn til å tru at eit barn har ein livstruande eller annan alvorleg sjukdom eller skade og ikkje kjem til undersøking eller behandling, eller at eit barn med nedsett funksjonsevne eller eit særleg hjelpetrengande barn ikkje får dekt det særlege behovet for behandling eller opplæring
  3. når eit barn set utviklinga si i alvorleg fare i form av alvorleg eller gjentatt kriminalitet, misbruk av rusmiddel eller andre utprega skadelege handlingar
  4. når det er grunn til å tru at eit barn blir eller kjem til å bli utnytta til menneskehandel

Alle som utfører tenester eller arbeid etter denne lova, har også plikt til å gi opplysningar etter pålegg i samsvar med barnevernsloven § 13-4.

Endra ved lov 20 juni 2025 nr. 39 (i kraft 1 jan 2026 iflg. res. 19 des 2025 nr. 2711).

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/2023-06-09-30
Hentet
2026-08-01T06:26:11.637345+00:00
Kilderevisjon
7f9bac54deb1
Innholdshash (XML)
7d2e7c292791e9552920bc6809290ce922f527423fef8c37379cfdf22df362ed
Rendererversjon
8
I kraft
2024-08-01
Siste endring i kraft
2026-08-01