Kommunar, fylkeskommunar og lærebedrifter kan behandle personopplysningar når det er nødvendig for å utføre oppgåver etter lova.
Ved skolebyte kan skolar hente inn dei personopplysningane frå andre skolar som er nødvendige for å oppfylle retten til grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring og retten til dokumentasjon av opplæringa.
Fylkeskommunar kan hente inn dei personopplysningane frå grunnskolar som er nødvendige for å oppfylle retten til vidaregåande opplæring, gjennomføre inntak til vidaregåande opplæring, førebyggje fråvær frå opplæringa og følgje opp dei som er i målgruppa til oppfølgingstenesta.
Ved skolebyte etter andre ledd og ved overgang til vidaregåande opplæring etter tredje ledd kan skolane også dele personopplysningar for å leggje til rette opplæringa til ein elev dersom eleven eller foreldra tillèt det. Ved skolebyte skal skolen dele personopplysningar som er nødvendige for å førebyggje oppførsel som i vesentleg grad går utover skolemiljøet til medelevane eller arbeidsmiljøet til dei tilsette.
Behandlinga av personopplysningar etter første til fjerde ledd kan også omfatte personopplysningar som nemnde i personvernforordninga artikkel 9 og 10.
Departementet kan gi forskrift om behandlinga av personopplysningar, mellom anna om formålet med behandlinga, behandlingsansvar, kva opplysningar som kan behandlast og om kven, bruk av automatiserte avgjerder, og tilgang til, vidarebehandling og utlevering av personopplysningar.
Utlevering av personopplysningar etter andre, tredje og fjerde ledd kan gjerast utan hinder av teieplikt.
Endra ved lov 19 juni 2026 nr. 59 (i kraft 1 aug 2026 iflg. res. 19 juni 2026 nr. 1137).
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.