(1) Dersom ein eller fleire stiftarar skal gjere opp ein eventuell innskotsskyldnad med anna enn pengar, skal stiftarane setje opp, datere og signere ein opningsbalanse for foretaket som er i samsvar med lov 17. juli 1998 nr. 56 om årsregnskap mv. Innskot med anna enn pengar skal vurderast til verkeleg verdi på dagen for opningsbalansen, dersom det ikkje følgjer av reglane i rekneskapslova at innskotet skal vidareførast til balanseførte verdiar.
(2) Opningsbalansen skal tidlegast vere datert fire veker før stiftinga, jf. § 8 tredje ledd. Opningsbalansen skal leggjast ved stiftingsdokumentet.
Endra med lov 28 mai 2021 nr. 51 (ikr. 1 juni 2021 iflg. res. 28 mai 2021 nr. 1667).
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.