(1) Søksmål med påstand om at vedtak i foretaket om fusjon skal kjennast ugyldig, må reisast før fusjonen er registrert i Foretaksregisteret etter § 116. Søksmål som blir reist etter at fristen er gått ut, skal avvisast.
(2) Blir det reist søksmål om at fusjonen er ugyldig, skal tingretten gi foretaket ein frist på tre månader for å rette det tilhøvet søksmålet byggjer på.
(3) Dom som kjenner vedtak om fusjon ugyldig, har verknad for alle i foretaket.
(4) Er vedtaket om fusjonen meldt til Foretaksregisteret etter § 116, skal retten utan opphald melde dommen til Foretaksregisteret, som skal kunngjere dommen på foretaket sin kostnad i Brønnøysundregistra sin elektroniske kunngjeringspublikasjon.
(5) Når vedtaket til årsmøtet blir kjent ugyldig, heftar foretaket solidarisk med dei andre foretaka som er med på fusjonen, for skyldnader frå tida etter at fusjonen skulle ha hatt verknad, og fram til kunngjeringa av dommen etter fjerde ledd.
Endra med lov 14 juni 2013 nr. 41 (ikr. 1 juli 2013 iflg. res. 14 juni 2013 nr. 638).
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.