rett til å få tilgjengelege opplysingar på årsmøtet frå leiinga, jf. § 51,
rett til å få tilsendt årsrekneskapen, årsmeldinga og revisjonsmeldinga til foretaket, jf. § 41 tredje ledd,
rett til del av overskotet i foretaket basert på medlemmen si omsetning med foretaket, jf. § 27,
andre rettar som følgjer av lov eller vedtekter.
(2) Ein medlem kan ikkje utøve medlemsrettane tidlegare enn den dagen medlemmen blir innført i medlemsregisteret.
(3) Ved overgang av medlemskap, jf. § 20, kan avhendaren utøve medlemsrettar inntil desse har gått over på ervervaren, dersom ikkje vedtektene fastset at medlemsrettane til avhendaren skal falle bort tidlegare.
Endra med lov 28 mai 2021 nr. 51 (ikr. 1 juni 2021 iflg. res. 28 mai 2021 nr. 1667).
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.