§ 82. Saksbehandlinga i styret

(1) Styret skal behandle sakene i møte om ikkje styreleiaren meiner at saka kan leggjast fram skriftleg eller takast opp på annan måte. Behandlingsmåten skal vere forsvarleg.

(2) Styreleiaren skal syte for at styremedlemmane lengst råd kan vere med på ei samla behandling av dei saker som blir behandla. Kvart styremedlem og dagleg leiar kan krevje at saka blir behandla i møte. Skal saka bli behandla i møte, bestemmer styreleiaren møteforma. Meir enn halvparten av styremedlemmane kan likevel krevje at møtet blir halde som fysisk eller elektronisk møte.

(3) Styreleiaren leier saksbehandlinga. Er korkje styreleiaren eller varaleiaren med, vel styret ein leiar for styrebehandlinga.

(4) Dagleg leiar har rett og plikt til å vere med på saksbehandlinga i styret og til å uttale seg, om ikkje anna er fastsett av styret i kvar einskild sak.

(5) Føresegnene i denne paragrafen kan fråvikast i vedtektene.

Endra med lov 28 mai 2021 nr. 51 (ikr. 1 juni 2021 iflg. res. 28 mai 2021 nr. 1667).

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/2007-06-29-81
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
78704e91392a1f51abc2bcd6d0b6549efb8b9a11119f2955889c657dfd1a6a03
Rendererversjon
8
I kraft
2008-01-01
Siste endring i kraft
2024-11-01