§ 13

Når skogeigaren krev det, lyt den som har rett til trevyrke til hushald eller gardsbruk, taka det etter utvising. Det kan krevjast at utvisinga skal gå for seg til visse, føreåt fastsette tider som høver for båe partar. Har rettshavaren bede om utvising, men skogeigaren let vera å gjeva utvising innan rimeleg tid eller – om så er – til fastsett tid, kan rettshavaren taka det naudsynlege trevyrke på forsvarleg vis utan utvising.

Rettshavaren har ikkje krav på å få utvist eller rett til utan utvising å taka ungskog eller særleg verdfulle tre, når anna tenleg vyrke kan takast utan altfor mykje meirarbeid med hogst og henting.

Er det utviste ikkje teke or skogen innan 2 år etter utvisinga kan skogeigaren rå over det sjølv.

For vyrke som ikkje er nytta forsvarleg, har skogeigaren rett til å gjera frådrag ved neste utvising til same føremålet, eller krav på vederlag rekna etter det verdet som vyrket på rot hadde for han.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/1968-11-29
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
3d94d7d4981a8592ea024c89ffeea4a0d40949ed200e23c36e52a55a1578dc9a
Rendererversjon
8
I kraft
1969-01-01
Siste endring i kraft
2016-01-01