Beiterett skal ikkje vera til hinder for at skogeigaren på eigen kostnad fredar ungskog og nyvokster med å halda opp til ein tiandepart av beitet avstengd for beitedyr. Har skogdyrkingstiltak i dei siste 10 år auka grasvoksteren på somme stykke i skogen, skal tiandeparten ikkje reknast annleis av den grunn.
Er retten frå tida før 1 januar 1864, har rettshavaren krav på å få like for tapet, i fall fredinga gjer nemnande skar i beitebruken hans.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.