Når eit trygdelag skal avskipast, fastset Finanstilsynet korleis dette skal gjerast. Vert avskipinga gjord etter føresegnene i § 9, kan kravsmennene korkje med utlegg eller på annan måte få seg stettingsrett i noko som høyrer laget til.
Finanstilsynet fører tilsyn med avskipinga. Føresegnene i § 8 gjeld på tilsvarande måte. For slikt tilsyn skal laget svara eit vederlag som Kongen eller den han gjev fullmakt, fastset for kvart år.
Endra med lover 7 juni 1985 nr. 47, 19 juni 2009 nr. 48 (ikr. 21 des 2009 iflg. res. 18 des 2009 nr. 1603).
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.