§ 14. Innbetaling til skogfond

Skogfond er ei tvungen fondsavsetjing som skal gi skogeigaren eit betre grunnlag for å finansiere tiltak med sikte på ei berekraftig forvaltning av skogressursane.

Skogeigaren skal setje av middel til skogfondet ved sal, oreigning eller anna overdraging av hogd eller framdrive virke eller av tre på rot, ved skogeigaren sin bruk av virke for vidare sal eller anna overdraging. Plikta gjeld ikkje skogeigaren sin bruk av virke til eige behov i samband med jord- og skogbruksverksemd på eigedommen.

Statsforvaltaren kan frita ein skogeigar frå plikta til å innbetale til skogfond etter første ledd dersom det er urimeleg å krevje slik innbetaling, og skogeigaren kan vise til at det blir utført investeringsarbeid i skogen som minst svarar til den innbetalinga som er pliktig.

Inneståande skogfondsmiddel følgjer eigedommen ved overdraging til ny eigar, og inneståande middel kan ikkje skiljast frå eigedommen ved pantsetjing, tvangsfullføring eller på annan måte.

Departementet kan gi forskrifter om ordninga med skogfond, og fastset kor stor fondsavsetjinga skal vere. Avsetjinga skal ikkje vere lågare enn 2 prosent av bruttoverdien av virket.

Ved manglande innbetaling til skogfondet er krav frå kommunen tvangsgrunnlag for utlegg.

Endra ved lov 7 mai 2021 nr. 34 (ikr. 1 juni 2021 iflg. res. 7 mai 2021 nr. 1416).

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/2005-05-27-31
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
d682cc2181541421f5c9fbf09cd04785ddf27d2b492646ac65f766e82306bbe0
Rendererversjon
8
I kraft
2006-01-01
Siste endring i kraft
2025-01-01