Sentrale statsorgan skal over tid bruke minst 25 prosent av både bokmål og nynorsk i allment tilgjengelege dokument. Regionale statsorgan som har anten bokmål eller nynorsk som fleirtalsspråk i tenestekrinsen, skal bruke fleirtalsspråket i allment tilgjengelege dokument.
Eit språkleg nøytralt regionalt statsorgan som i tenestekrinsen har kommunar med språkvedtak om bokmål eller nynorsk etter § 11, skal veksle mellom skriftspråka slik at det blir eit rimeleg samhøve mellom dei i allment tilgjengelege dokument. Dersom minst ein fjerdedel av kommunane i ein tenestekrins har gjort vedtak om å krevje same skriftspråk, skal eit språkleg nøytralt regionalt statsorgan veksle mellom skriftspråka slik at det over tid blir minst 25 prosent av dette skriftspråket i allment tilgjengelege dokument. Dersom minst éin kommune, men mindre enn ein fjerdedel av kommunane i ein tenestekrins har gjort vedtak om å krevje nynorsk, skal det regionale statsorganet veksle mellom skriftspråka slik at det over tid blir minst 10 prosent nynorsk i allment tilgjengelege dokument.
Dersom kommunar i eit geografisk avgrensa område har eit fleirtalsspråk, skal statsorgan bruke dette språket i dokument som er retta mot desse kommunane. Det same gjeld når dokument har særleg tilknyting til eit slikt geografisk avgrensa område. Dersom eit dokument har særleg tilknyting til berre éin kommune, skal statsorgan følgje det språkvedtaket denne kommunen har gjort.
Sentrale statsorgan skal i dokument som er retta mot eit regionalt statsorgan, nytte fleirtalsspråket i tenestekrinsen til det regionale statsorganet.
Fylkeskommunar som er språknøytrale etter § 11 i lova her, skal veksle mellom skriftspråka slik at det blir eit rimeleg samhøve mellom dei i allment tilgjengelege dokument.
Endra ved lov 20 juni 2025 nr. 97 (i kraft 1 juli 2025).
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.