§ 12. Klage

Vedtak etter denne lova kan påklagast av dei som etter § 6 første ledd bokstav a til c har rett til å ta opp saker om skrivemåten av stadnamn. Tilsvarande gjeld for vedtak om namnsetjing etter anna lov, dersom vedtaket er i strid med § 3 i lova her. Offentlege organ har berre klagerett i saker som gjeld namn dei skal bruke i tenesta. Klageretten gjeld også vedtak gjorde av kommunar og fylkeskommunar. Ei klage skal grunngivast. Vedtak gjorde av eit departement i medhald av delegert mynde, eller av Kongen, kan ikkje påklagast.

Klager på andre vedtak enn dei som er gjorde av eit departement, skal behandlast av ei klagenemnd oppnemd av Kongen. I klagesaker av prinsipiell karakter kan klagenemnda gi Språkrådet, Sametinget og departementet høve til å uttale seg.

Feilbruk og manglande bruk av stadnamn etter § 11 kan påklagast til det organet som er nærast overordna det organet som klagen gjeld. Statsforvaltaren er klageinstans når klagen gjeld kommunale eller fylkeskommunale organ. Manglande vedtak kan påklagast til klagenemnda.

Eit departement som gjer vedtak om skrivemåte, har plikt til å ta saka opp til ny avgjerd etter klage. Departementet skal i slike saker innhente tilråding frå klagenemnda.

For førebuinga av ei klagesak gjeld saksbehandlingsreglane i §§ 8 og 9 tilsvarande. Elles gjeld reglane i forvaltningsloven kapittel VI.

Føyd til med lov 21 juni 2019 nr. 59 (ikr. 1 juli 2019), endra med lov 7 mai 2021 nr. 34 (ikr. 1 juni 2021 iflg. res. 7 mai 2021 nr. 1416).

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/1990-05-18-11
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
3609e97d565cf64c9438b665f8af72236c639b130669fb0cb68d8760ce92ce4c
Rendererversjon
8
I kraft
1991-07-01
Siste endring i kraft
2021-06-01