§ 2-2. Stiftingsdokument

(1) Når det er gjort vedtak om å opprette statsføretaket, jf. § 2-1, skal departementet opprette eit datert og signert stiftingsdokument som inneheld ei tilvising til vedtaket, og som dessutan i det minste oppgir kva departementet har vedteke om

  1. vedtektene til føretaket
  2. styret til føretaket, irekna kven som skal vere styreleiar
  3. revisor for føretaket
  4. eventuelt innskot i anna enn pengar, jf. § 2-4.

(2) Statsføretaket er rekna som stifta når stiftingsdokumentet er oppretta og signert.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/2025-04-10-9
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
8ad6d0ad5477750869089723b23769d69824a6317258194f9735508d285a0ace
Rendererversjon
8
I kraft
2026-01-01