(1) Dagleg leiar står for den daglege leiinga av verksemda til føretaket og skal følge dei retningslinjene og pålegga styret har gitt.
(2) Den daglege leiinga omfattar ikkje saker som etter forholda til føretaket er av uvanleg art eller stor betydning.
(3) Dagleg leiar kan elles avgjere ei sak etter fullmakt frå styret i det enkelte tilfellet eller når det ikkje går å vente på vedtaket frå styret utan vesentleg ulempe for føretaket. Styret skal snarast underrettast om avgjerda.
(4) Dagleg leiar skal sørgje for at rekneskapen til føretaket er i samsvar med lover og forskrifter, og at formuesforvaltninga er ordna på forsvarleg vis.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.