§ 5-17. Sakshandsaminga til styret

(1) Styret skal handsame saker i møte, med mindre styreleiaren finn at saka kan leggjast fram skriftleg eller handsamast på annan måte. Handsamingsmåten skal vere forsvarleg.

(2) Styreleiaren skal sørgje for at styremedlemene om mogleg kan delta i ei samla handsaming av dei sakene som skal handsamast. Kvar styremedlem og dagleg leiar kan krevje at saka blir handsama i møte. Dersom ei sak skal handsamast i møte, bestemmer styreleiaren møteforma. Meir enn halvdelen av medlemene i styret kan likevel krevje at møtet blir halde som fysisk eller digitalt møte.

(3) Styreleiaren leier styrehandsaminga. Deltek verken styreleiaren eller varaleiaren, vel styret ein leiar for styrehandsaminga.

(4) Dagleg leiar har rett og plikt til å delta og til å uttale seg når styret handsamar saker, med mindre styret har bestemt anna i den enkelte saka.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/2025-04-10-9
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
8ad6d0ad5477750869089723b23769d69824a6317258194f9735508d285a0ace
Rendererversjon
8
I kraft
2026-01-01