(1) Eit statsføretak er revisjonspliktig etter revisorloven.
(2) Eit statsføretak skal ha minst éin statsautorisert revisor.
(3) Føretaksmøtet vel revisor og godkjenner også godtgjersla til revisor.
(4) I statsføretak som har plikt til å utarbeide berekraftsrapportering etter regnskapsloven § 2-3, skal revisor også attestere berekraftsrapporteringa. Føretaksmøtet kan i staden velje ein annan revisor eller ein uavhengig tilbydar av attestasjonstenester til å attestere berekraftsrapporteringa dersom det er tillate etter revisorloven § 1-3.
(5) Styret skal kvart år ha eit møte med revisor utan at dagleg leiar eller andre frå den daglege leiinga deltek. Aksjeloven § 7-5 a gjeld tilsvarande.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.