Uttak av organ, celler og vev kan berre finne stad dersom inngrepet ikkje fører til ein nærliggande fare for den fysiske eller psykiske helsa til donoren.
Uttak av organ, celler og vev frå personar mellom 12 og 18 år kan berre finne stad når det ligg føre særlege grunnar. I vurderinga av om det ligg føre særlege grunnar skal det mellom anna leggjast vekt på om:
transplantasjon er nødvendig for å redde livet til mottakaren,
det finst nokon annan aktuell donor,
donoren har sterk tilknyting til mottakar,
uttaket inneber eit stort inngrep,
uttaket berre gjeld fornybart vev, jf. § 3 bokstav c, og om
donoren er moden nok til å skjønne kva inngrepet inneber.
donasjonen er nødvendig for å redde livet til mottakaren,
det ikkje finst ein donor med avgjerdskompetanse som deler mange nok av dei viktigaste vevstypane (er vevsforlikeleg), og
mottakaren er søsken, barn eller forelder, eller i særlege tilfelle på annan måte i nær familie med donoren.
Uttak kan aldri gjennomførast i strid med viljen til ein donor som ikkje har avgjerdskompetanse.
Endra ved lov 20 juni 2025 nr. 67 (i kraft 1 juni 2026 iflg. res. 20 juni 2025 nr. 1109).
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.