I denne lova tyder:
Staten, norsk kommune, person som bur her i landet eller vanleg held til her, dertil selskap, korporasjon, stifting og alleslags andre institusjonar som har sæte her i landet.
Kjem det opp tvil om ein person eller institusjon skal reknast for innlending eller utlending, avgjer departementet spørsmålet.
Person eller institusjon som ikkje er innlending etter det som er sagt ovanfor.
Betalingsmiddel, verdepapir og krav.
1. Norske pengar (setlar og mynt), veksel, sjekk og anna tilvising eller akkreditiv som gjev rett på oppgjer i norske pengar (setlar og mynt). 2. Gull, sylv, platina og legering som inneheld noko som er noko av slike metall (i rå eller tillaga stand), når metallet eller legeringa er her i landet.
1. Utanlandske pengar (setlar og mynt), veksel, sjekk og anna tilvising eller akkreditiv som gjev rett på oppgjer i utanlandske pengar (setlar og mynt). 2. Gull, sylv, platina og legering som inneheld ein stor part av slike metall (i rå eller tillaga stand), når metallet eller legeringa er i utlandet.
Aksje, partbrev, obligasjon, omsetnings-skuldbrev, kupong, utbyteprov, livstrygdebrev og dokument som gjev nokon krav på slike papir, t.d. interimskvittering, sertifikat og anna slikt – når ein innlending har gjeve ut papiret.
Papir som er nemnt under VI, når ein utlending har gjeve ut papiret.
Krav på at ein innlending skal gjeva frå seg betalingsmiddel eller verdepapir som er nemnt under IV-VII.
Krav på at ein utlending skal gjeva frå seg betalingsmiddel eller verdepapir som er nemnt under IV-VII.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.