§ 11 f. Handsaming av personopplysningar

Vegstyremaktene etter kapittel II og tilsynsmyndigheita etter kapittel II A kan handsame[^1] personopplysningar[^2] når det er naudsynt for å utføre oppgåver gitt i eller i medhald av lova her, eller for å oppfylle internasjonale plikter under verkeområdet til lova. Det same gjeld eit statleg utbyggingsselskap for veg som er tildelt oppgåver i medhald av § 9 første ledd.

Departementet kan gi forskrift om handsaming av personopplysningar, slik som føresegner om formålet med handsaminga, kva for opplysningar som kan handsamast, korleis opplysningar skal handsamast, vilkår for eventuell utlevering, bruk av datahandsamar, krav til sletting og krav til samanstillingar av personopplysningar til bruk for forsking og statistiske formål.

Føyd til med lov 15 juni 2018 nr. 38 (ikr. 20 juli 2018 iflg. meddelelse 17 juli 2018 nr. 1195).

1 Sjå EØS-avtalen vedlegg XI nr. 5e (forordning (EU) 2016/679) art. 4 nr. 2.

2 Sjå EØS-avtalen vedlegg XI nr. 5e (forordning (EU) 2016/679) art. 4 nr. 1.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/1963-06-21-23
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
7ba3671112a82f3ab3c42a9a3253a0c0dbe3784f525564264649ed3b2d503ccd
Rendererversjon
8
I kraft
1964-01-01
Siste endring i kraft
2025-01-01